Knappar på spelkontrollarar
Her er ei oversikt over kva me skal kalla ulike knappar/delar på ein spelkontrollar på norsk i omsetjingane våre. Kortversjonen er vist på følgjande bilete.

Terminologi
Først litt generell terminologi. Det ein på engelsk kallar gamepad eller game controller, heiter på norsk spelkontrollar (bokmål: spillkontroller). Dette er altså eintalsforma, så fleirtalsforma vert spelkontrollarar (bokmål: spillkontrollere). Der det passar, kan me bruka kortforma kontrollar (bokmål: kontroller).
Hovuddelane
Det finst mange typar spelkontrollarar, frå produsentar som Sony (PlayStation), Microsoft (Xbox) og Nintendo. Utforminga og knappane varierer litt mellom dei ulike produsentane og ulike versjonar frå same produsent, og terminologien er ikkje heilt standardisert på engelsk, men me kan finna konsistente norske namn. Her er dei mest vanlege delane, med namn på engelsk og norsk:
| Engelsk | Norsk |
|---|---|
| shoulder button, bumper button | skulderknapp |
| trigger button | triggerknapp |
| D-pad, Dpad, directional pad | styrekross (bokmål: styrekors) |
| thumbstick, analog stick, stick | tommelspak |
| A | A |
| B | B |
| X | X |
| Y | Y |
| square, □ | firkant |
| triangle, △ | trekant |
| cross, ✕ | kryss |
| circle, ○ | sirkel |
Merk at X-knappen ikkje er det same som ✕-knappen. Knappane □, △, ✕ og ○ finn me på Sony Playstation-kontrollarar, men dei fleste andre produsentane brukar A, B, X og Y. Og firkantknappen □ har strengt bilete av eit kvadrat, men me brukar det meir kvardagslege ordet firkant.
Det finst to tommelspakar. Desse kallar me venstre og høgre tommelspak. Tilsvarande gjeld skulder- og triggerknappane, som òg kjem i par.
Mindre knappar
I tillegg finst det nokre mindre knappar. Namna og funksjonane på desse varierer mellom ulike produsentar og spelkontrollar-generasjonar. Her er ei liste, med tilrådd omsetjing. Merk at på nokre kontrollarar står namnet med engelsk tekst, mens på andre er det erstatta med eit symbol.
Det er førebels berre dei fem første me har observert i (omsetbare) dataprogram, så resten er meir teoretiske.
| Engelsk | Norsk |
|---|---|
| Guide | Guide |
| Start | Start |
| Select | Vel (bokmål: Velg) |
| Back | Tilbake |
| Home | Heim |
| – | – |
| Menu | Meny |
| Options | Val (bokmål: Valg) |
| View | Vis |
| Share | Del |
| Search | Søk |
| Capture | Opptak |
| Plus | Pluss |
| Minus | Minus |
| Pair | Para (bokmål: Parre) |
| Sync | Synkroniser |
Namn i brukarflata
Der namna på dei ulike elementa oftast vert brukte, er i oppsett av spelkontrollarar/styring i dataspel. Me brukar følgjande formatering.
Når namnet på ein kontroll, eksempelvis venstre tommelspak, vert vist i eit program/spel, brukar me stor forbokstav, akkurat som for tastar, for eksempel Venstre tommelspak.
I tillegg kan retninga ein trykkjer kontrollen, vera med i namnet. Eksempel er Venstre styrespak opp og Styrekross høgre. Me har desse norske namna på retningane:
- opp
- ned
- venstre
- høgre (bokmål: høyre)
- trykk
(På nokre spelkontrollarar kan ein trykkja på tommelspakane, derav «retninga» trykk.)

I løpande tekst brukar me hermeteikn rundt referansane:
Trykk «Styrekross venstre» for å gå tilbake til hovudmenyen.
Dei små knappane A, B osv. gjev me suffikset -knapp der det er mogleg (det er ikkje i alle program det er mogleg å omsetja desse namna):
- A-knapp
- B-knapp
- X-knapp
- Y-knapp
- Firkant-knapp
- Trekant-knapp
- Kryss-knapp
- Sirkel-knapp
- Heim-knapp
- Start-knapp
- …
Men det gjer me berre når knappen står åleine, sjølvsagt ikkje når fleire knappar står nemnde saman. Då brukar me kortforma:
Trykk «A + B + Start» for å gå til testmodus.
